Korleis teiknar ein avtale?
Ved bestilling av avtale vel du "Bli kunde" i menyen til venstre. Brikka vert sendt i posten, og medan du ventar på denne kan du, etter at bestillinga er registrert, passere i AutoPASS-feltet i bomstasjonen.
Dei ulike avtaletypane finn du under Prisar og Avtale i menyen over.. Når det står att 25% av det innbetalte forskotet, vil det bli sendt ut ny faktura til kunden på valt forskotsbeløp. Maks 2 bilar pr. avtale.
Kvar brikke vert belasta med eit depositum på kr. 200,-.
Får eg tilbakebetalt brikkedepositum?
Ved oppseiing av avtale og innlevering av brikke, vil depositum tilbakebetalast.
BILMODELL - Kor skal brikka festast?
Normalt i personbilar skal brikka plasserast i spegelområdet som beskrive i manualen som følgjer med brikka. Enkelte biltypar kan ha frontrute dekket av ein sol – og varmereflekterande film / varmetrådar eller regnsensor. For at radiosignala frå brikka skal lesast kan du prove å flytta brikka til et felt på ruta som er ”prikka/skravert”. Du kan eventuelt kontakte din bilforhandlar eller sjekke instruksjonsboken tilhøyrande kjøretøyet. Dei passeringar som er registrert med feil lyssignal grunna dette, vil belastas din avtale med de rabattar du innehar der.
Kva gjer eg om AutoPASS-brikka mi ikkje verkar?
Kontroller at brikka er rett montert. Sjå monteringsanvisninga. Om du har metallfilm i frontruta kan det vere du får gult lyssignal (det øvste). Enkelte bilmodellar har lågare sjanse for lesing enn andre. Under "Plassering av brikke" finn du informasjon om spesifikke bilmodellar, og i ein del tilfeller forslag til kor brikka bør festast. Ta eventuelt kontakt med bilforhandlaren din, eller sjekk brukerhandboka for opplysningar om kor brikka bør festast.
Eg har motteke tilleggsavgift og ønskjer å klage på denne.
Klage på tilleggsavgift skal fremjast skriftleg. Denne kan sendast pr. e-post via skjema under "kontakt oss", eller per post til:
Finnfast / ved Vegamot AS
Postboks 6052
7434 TRONDHEIM
- merk konvolutten kva bompengeselskap dette gjeld
Kven er friteken for betaling av passeringar på Finnfast?
- Passasjerar i alle typar køyretøy
- Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile utrykkingskøyretøy i teneste*
- Elektriske bilar med drivstoffkode 5 i vognkortet eller hydrogenbilar*
- Motorsyklar og mopedar
*Fritak krever at kjøretøyet har Autopassavtale/Autopassbrikke
Kvar gjeld fritak for forflytningshemma?
I følgje "takstretningslinjer for bompengeprosjekt på offentleg veg" av Vegdirektoratet, har forflytningshemma fritak for betaling for passeringar i bompengeringar dersom parkeringskort har minst 2 års gyldighet. Merk at dette KUN gjeld i bompengeringar, som Oslo, Bergen, Stavanger, Namsos, Kristiansand, Haugalandspakken og Tønsberg. Eit slikt fritak vert registrert ved at ein ved bestilling av avtale legg ved kopi av for - og baksida av parkeringskortet. Fritaket gjeld så lenge ein har gyldig parkeringskort. Husk å sende inn ny kopi ved fornying av parkeringskortet.
Kan eg registrere fleire køyretøy på same avtale?
Ved registrering av "privat avtale" kan ein registrere inntil 2 køyretøy med same vektklasse, på same avtalekonto.
Ved registrering av "firmaavtale" er antalet ubegrensa for same vektklasse. Eit firma kan og velje typen "privat avtale" dersom dette høver betre.
Får eg automatisk tilsendt ny faktura når eg har forskotsbetalt avtale?
Om du har forskotsbetalt avtale vil du automatisk motta ny faktura før avtalekontoen din går tom (ved rest på 25% av forskotet). Dette vert indikert med kvitt lyssignal (det midtarste) ved passering.
Fakturaen på min forskotsbetalte avtale har ikkje forfallsdato, kva tid må denne betalast?
Denne inneheld ikkje forfallsdato, då kunden kan ha pengar til gode ved utsending av faktura. Den må betalast før avtalekontoen går tom, då passeringar med negativ saldo fører til tap av rabatt. Saldo kan du sjekke på "min avtale".
Kvifor vert det ikkje sendt ut purring på ubetalt faktura (forskotsbetalt avtale)?
Faktura som vert sendt ut på forskotsbetaling av avtalen, er eit tilbod om å fornye AutoPASS-avtalen. Det er ikkje eit krav at denne vert betalt dersom ein ikkje skal passera bomstasjonar. Difor vert det ikkje sendt ut purring. Når saldo er låg, vert dette indikert med kvitt lyssignal og du skal då motta faktura kort tid etter.
Korleis kan eg sjekke saldo på min avtale?
Fakturaen du mottar vil opplyse om saldo ved fakturering. Elles kan du sjekke saldo ved å logge deg inn på din avtale. Dersom du over lengre tid har passert bomstasjonane med gult lys, kan denne avvike då me må behandle desse bildane manuelt før saldo kan oppdaterast.
Kva tyder lyssignala?
Grønt lys: Godkjend passering. Passeringa vert trekt frå din avtalekonto eller du får tilsendt faktura.
Kvit pluss: Godkjend passering, men låg saldo på din avtalekonto hos Halsnøysambandet - ny faktura vert automatisk utsendt.
Du får ikkje lyssignal dersom du passerer utan brikke eller har negativ saldo på din avtale.
Kva er AutoPASS?
AutoPASS er det norske systemet for elektronisk betaling av bompengar. Dersom du har AutoPASS-avtale kan du passere i AutoPASS-feltet i bomstasjonane utan stopp.
Korleis verkar ASB (AutoPASS samordna betaling)?
Dersom du har ein AutoPASS-avtale kan du nytte brikka ved passering av samtlege bomstasjonar som er merka med AutoPASS / EasyGO. Du oppnår rabatt ved passering av dei bomstasjonane du har avtale i. Ein kan opprette tilleggsavtalar hos andre bompengeselskap for å oppnå rabattar hos desse og.
Ver merksam på at lyssignala kan variere i dei ulike bompengeanlegga. Om du har avtale i fleire anlegg, er det viktig at evt. endringar i avtalen (for eksempel bilbytte, ny adresse etc.) vert meldt frå til samtlege bompengeselskap.
Kva tyder ASB-passeringar på faktura?
Dette er passeringar som er gjort i andre bompengeanlegg enn der du har avtale. Om du har passert i eit anna AutoPASS-anlegg, vil dette stå her. F. eks: ASB-pass. OSLO 2 40. Dette betyr at du har hatt to passeringar i Oslo på til saman kr. 40,-
Eg ønskjer ein oversikt over passeringane mine, korleis får eg denne?
På "min side" ligg det ei passeringsoversikt for dei siste tre månadane. Du må logge deg inn med ditt kundenummer for å kunne sjå på denne.
For å få spesifisert oversikt over dine passeringar, må du sende ei skriftleg henvending til oss - denne kan gjerne sendast via "kontakt oss" på denne sida. Passeringsoversikta vil innehalde antall passeringar, bomstasjon, dato, klokkeslett og passeringspris.
Ei slik oversikt kan gjelde for inntil eit år tilbake i tid. Skriftleg førespurnad må fremjast for kvar periode ein ønskjer.
Eg har seld bilen / bytta bil, må eg melde frå om dette?
Om du ønskjer å bruke brikka i eit anna køyretøy gjer du endringa enkelt ved å logge deg inn på din avtale via "mi side" og oppdatere opplysningane om ny bil. Brikka kan så flyttast over til det nye køyretøyet. Om du har avtale hos fleire bompengeselskap må du gjere oppdateringar hos alle desse.
Nytt brikkefeste får du gratis hos alle lokale forhandlarar - sjå oversikt under avtaletypar. Ver merksam på at brikka alltid må fjernast ved sal av bil og at det må meldast frå til ditt bompengeselskap om dette, du kan elles risikere å verta belasta for den nye eigaren sine bompasseringer. Om du ønskjer brikka midlertidig sperra, må dette og meldast til oss.
Eg har flytta, må eg melde frå om dette?
Dette kan du endre enkelt ved å logge deg inn på din avtale via "mi side" og oppdatere avtalen med di nye adresse.
Om du får kvitt eller gult lys ved passering, bør du i tillegg sende oss ei melding då faktura sannsynlegvis er sendt til di gamle adresse.